hm, ein mal er nok ikkje berre-berre, men eg kan no beskrive korleis det gjeng føre seg i produksjonsselskapet eg jobbar i.
hjå oss hender det seg som oftast at manusforfattar og regissør er den same, så regissøren har inga konflikt i å omsetje manuset til handling.
utfordringa med musikkvideoar ligg i at ein musikkvideo avhenger av ei mykje større klipperate og interessante kameravinklar og -rørsle enn både kortfilm og langfilm, faktisk så høg at det tendensiøst vert forstyrrande for sjåaren. eg er ueinig med herr hvermansen som meiner at ein kun må tenkje i scener, fordi med mindre det er ein multikameraproduksjon (som er lite sannsynleg) ville det bli ein veldig keisam video. for å kunne nytte nok kameravinklar til formatet, er kontinuitet er svært viktig, og det er lett for å drite seg ut om ein ikkje følger godt nok med på dette, sjølv om det uformelle og lause formatet tillet veldig mange "luretriks" (som uoppfordra kostymeskift/locationskift i hytt og gevær) som ikkje høver seg i andre format.
sjølv om vi ikkje opererer på like profesjonelt nivå som t.d. piraya og flimmer fillm i bergen, arbeider vi i gerilja film etter å levere eit så profesjonelt produkt som mogleg, i høve det budsjettet vi har. difor kjem manuskriptet også an på kva budsjett vi ruttar med.
ein musikkvideo til 20000 er typisk "Bandet framfører"-video, og her er det riktignok ikkje naudsynt med detaljert manus, berre ei oversikt over kva som bør være med (type C-U av alle i bandet og X C-U av instrument, og naudsynte klisjéar som det).
med eit budsjett på 30-40000 kan ein leike seg litt meir, og kan ha råd til å skape eit narrativ. dei billegaste variantane er sånn "protagonist i ein leiligheit"-type video, eller "bandet køyrer på landevegen"-type video. skal det være meir komplisert enn dette (ulike locations, kostymeskift, sminke, lys, kran, steadycam, &;c) beveger prisen seg oppover for kvart element som vert lagd til. ephemera sin musikkvideo "on the surface" frå millimeter klipp, kosta kr 200000 å lage! i kontrast kosta nathalie nordnes sin musikkvideo "the hours" som vi produserte 45000. den har likevel svært høg produksjonsverdi, men kan ikkje måle seg med ephemera sin.
når det skal være sagt er det svært lite ein IKKJE kan gjere for veldig lite pengar. vi har lagd fleire videoar for omlag ingen ting (shoot the dog - "In luv with U" som roterer på svisj-urørt kosta kr 8000, om eg ikkje hugsar feil), men då kan ein gløyme løningar, og leige av dyrt utstyr. steadycam, t.d., er uhorveleg dyrt å leige, men produksjonsverdien aukar uhorveleg om ein har råd til det. i oppstartsfasa vår laga vi ein del utstyr sjølve, t.d. eit stativ som kunne feste kamera på utstida av ein bil, og ei slags "steady-stick" som bestod av ei metallstang med handtak og vekter i botnen som kunne halde kamera meir stødig. vi eig også ein mekanisk kamerakran, som vart bygd av han vi kjøpte den frå, men denne har profesjonell nytteverdi og har vore leigd av både tv2 og nrk før vi kjøpte den. det berre viser at det å bygge sitt eige utstyr ofte kan vere både kostnadssparande og nyttig!
vi i gerilja film jobbar stort sett pro bono på idealistisk grunnlag, så vi tek som regel rundt 20-30000 for ein relativt low-key video, og betalar ikkje ut løn til korkje crew eller cast. vi har ikkje høve til å snekre fancy-schmancy CGI-videoar, men det er ikkje det vi driv med, heller.
høyrest det ut som mykje pengar, så er det faktisk ikkje det; ein kan ikkje bli rik på å jobbe med musikkvideo i noreg, det er ikkje mogleg.
uansett: vi har som regel eit narrativ i våre videoar, og difor må kvart skot planleggjast på førehand av regissør/manusforfattar.
det heile er ganske nært kort-/langfilmproduksjon, nemleg at manusforfattar leverer eit manus, som så vert bearbeidd og broten opp i eit shooting script, som detaljerer kvar scene, og eit storyboard vert teikna (aldri undervurder storyboards!).
deretter komponerer DoP og regissør skota basert på storyboardet og shooting script, til ei shot list, som også er kronologisk i høve kva rekkefølgje dei ulike skota skal skytast i (som regel aldri i same rekkefølgje som manusforfattaren skreiv det i, av naturlege årsakar). sjølv om det ikkje går an å unngå improvisasjon der og då, er det alltid lurt å
prøve å halde seg til manus så nøye som mogleg, så dette bør vere svært gjennomtenkt og godt bearbeida.
i post er regissøren alltid tilgjengeleg og til stades for klipparen: klipparen si oppgåve er å omsetje regissøren sin visjon til ein ferdig film ved hjelp av shooting scriptet og det tilgjengelege filmmaterialet (som forhåpentlegvis er grundig logga!! bruk ein skytelogg og skriv ned KVART SKOT med timecode inn/ut), så det er opp til regissøren å sørgje for at visjonen vert høveleg presentert gjennom klipparen sitt arbeide. regissørar med spesielt auge for narrativ og det ferdige produktet er ofte svært involvert i klippeprosessen.
håpar dette hjalp til med å svare på spørsmålet ditt!
mvh,
bjørn.
Bokmerker