Det er eigentleg litt meiningslaust å samanlikne dei, då den eine er berre for PC (ein kan riktignok få AE og PS CS til Mac), medan den andre er berre for Mac. Det er og litt ulikt innhald på dei.
FCS har program til videoredigering, dvd-authoring, lydredigering og noko grafikk (Motion). Det er to utgåver av Production Studio, den eine har program til redigering, compositing/effektar (AE standard) og biletbehandling (PS). Den andre har i tillegg program for dvd-authoring,
lydredigering og vektorgrafikk.
Grunnen til at Encore ikkje er inkludert i den billegaste pakka, er kanskje mogelegheita for å lage DVD med meny direkte frå tidslinja i Premiere Pro 2.0.
Det sterkaste punktet til Adobe sitt system er integreringa som har vorte mykje betre med dei nye programma som kom no. Eit av dei svakaste punkta er kanskje støtte for HD. Det er ikkje mogleg å brenne Blu-Ray/HD DVD med Encore, noko DVD Studio Pro kan (HD DVD iallfall).
FCP er kanskje eit betre program enn PPro. Det er iallfall meir retta mot den profesjonelle marknaden, med tanke på støtte av ulike format. Dei to svakaste punkta med FCS er kanskje mangelen på PS og AE. Korleis integreringa mellom programma til Apple er, kan ikkje eg seie.
Det er mange som meiner at Adobe burde gjort noko nytt, og gitt PPro noko andre program ikkje har, i staden for å leggje til ting som konkurrentane har hatt i opptil fleire år (t.d. multicamredigering), og at dei vil verte stilt veldig i skuggen av Vegas og FCP når dei kjem i ny utgåve, truleg på NAB i april (?).
Til sjuande og sist har det med kva program og/eller plattform ein likar best. Begge pakkane har det ein treng for å lage film.
EDIT:
Hadde det litt travelt då eg skreiv det, so eg gløymde nokre småting her og det. Lagt til nokre ord her og der, og eit ekstra avsnitt.



LinkBack URL
About LinkBacks
Svar med sitat



Bokmerker