kjempe flott![]()
[size=19px]NB![/size] Denne tråden vil ikkje verte oppdatert meir. Dette er fordi videointeressa mi har nesten forsvunne, so eg følgjer ikkje noko særleg med meir, og fordi eg ærleg talt ikkje orker. Skulle nokon ha ynskje om å ta over jobben, send meg ein e-post på totaskj [at] gmail dott com.
[size=14px]Eg vil gjerne takke alle som har kome med innspel til denne guiden.[/size]
[size=14px]Innhaldsliste[/size]
1. Innleiing
2. Windowsprogram
-Gratisprogram
-Rimelege program
-Profesjonelle/Semiprofesjonelle program
3. Program for OS X
-Gratisprogram
-Rimelege program
-Profesjonelle/Semiprofesjonelle program
4. Linuxprogram
-Gratis/nybyrjarprogram
-Profesjonelle/Semiprofesjonelle program
5. Andre nyttige småprogram
[size=22px]Innleiing[/size]
Det finst i dag svært mange program ein kan bruke til å redigere video med, og det å finne fram i denne jungelen kan vere vanskeleg. Bakgrunnen for denne guiden var å gje ein oversikt over kva som finst, og på den måten vise veg i den metaforiske jungelen. Sjølv om det er ein god del program her, so finst det andre som ikkje er nemnt. Likevel kan du finne dei fleste som vil vere aktuelle for deg.
Når ein set seg ned med eit nytt program for fyrste gong, vil det i dei fleste tilfelle verke litt framand og vanskeleg. Hugs difor det, at ein ikkje kan rekne med å forstå alt ved fyrste møte med eit program, og at ein difor ikkje bør gi opp etter fem minutt. Ta deg tid, les i manualen, sjå på tutorials og prøv deg fram. Gjer det, og du vil snart kunne bruke programmet utan store vanskar. Det er ikkje uvanleg at produsenten har ein del tutorials på heimesida si, og ein vil ofte finne fleire med Google.
Her følgjer noko som på ein måte er ei kort oppsummering av guiden (sett bort frå Linux-delen). Det er ei kort innleiing til kvar kategori guiden er delt inn i - gratis, nybyrjar og (semi-)profesjonell - og nokre anbefalingar for kvar av dei.
Vil helst ikkje bruke pengar.
Det er ikkje nødvendig å bruke pengar for å finne eit dugande program. Har ein Windows XP eller Apple OS X følgjer det med eit program som kan brukast. Dei har kanskje ikkje enormt med mogelegheiter, men det treng ein nødvendigvis ikkje i byrjinga. Om Movie Maker/iMovie ikkje passer deg, kan Avid Free DV vere eit alternativ.
Den kanskje største ulempa med Movie Maker og FreeDV, er at ingen av dei kan brenne DVDar. Rett nok, iMovie kan det heller ikkje, men til gjengjeld er iMovie integrert med iDVD, som følgjer med i same pakke (iLife).
Bruke litt pengar, men ikkje so veldig mykje.
Er du i denne kategorien, er dei mest kjende alternativa Adobe Premiere Elements og Pinnacle Studio. Andre alternativ er Magix Movie Edit Pro og Sony Vegas Movie Studio+DVD (Platinum Edition). Alle saman koster under tusenlappen, vil gje nok mogelegheiter for nybyrjarar, og kan brenne til DVD. Studio er kjend for å vere eit svært intuitivt og enkelt program, men har hatt mykje problem med ustabilitet blant ein del brukarar. Magix har fått ein del god omtale, og storebroren til Vegas Movie Studio er eit svært bra program.
Sit du med ein Mac, vil Final Cut Express vere eit naturleg - og godt - val.
Vil ha noko meir enn det Studio/Premiere Elements o.l. kan tilby.
Tenkjer du slik, er mogelegheitane mange. Dei mest vanlege (semi-)profesjonelle programma, er Sony Vegas, Avid Liquid (tidlegare Pinnacle Liquid Edition), Adobe Premiere Pro og Avid Xpress Pro. Desse varierer i pris frå ca. 5000kr for Avid Liquid, til ca. 15 000kr for Avid Xpress Pro. Dei andre ligg for det meste rundt 6-10 000kr. Er du ein Mac-brukar, og er i denne gruppa, sit du truleg allereie med anten Final Cut Pro eller Avid Xpress Pro framfor deg.
Men merk dette: Uansett kva du vel, vil du truleg verte fornøgd. Dei har i stor dei same mogelegheitene, og hovudforskjellane ligg i arbeidsflyten og korleis programma gjer ting. Ein kan vanskeleg seie at eitt av dei programma er best, sjølv om det alltid vil vere nokon som hevder det er eitt som slår dei andre ned i støvlane. Ein kan rett nok seie at enkelte program er betre på enkelte område – til dømes skal Avid Xpress vere svært bra på håndtering av store mengder media. For å finne ut kva som passer deg best, prøv dei ut. Det finst demoversjonar av fleire av dei.
Programnamna er linkar!
[size=22px]For Windows[/size]
[size=14px]Gratisprogram[/size]
[size=14px]AviDemux[/size]
Dette er eit program rekna for enkelt kutting av video, samt omkoding til ei rekkje ulike format, deriblant DVD-klar MPEG2. Ein kan automatisere arbeidoppgåver ved hjelp av mellom anna skripting.
[size=14px]Avid FreeDV[/size]
Det har eit grensesnitt som truleg er litt vanskelegare enn Movie Maker og andre. Programmet er ein krympa versjon av Xpress DV/Pro, med same utsjånad, men mange færre mogelegheiter. Det har nokre få effektar, mogelegheit for å leggje til tekst, og to videospor og to lydspor, men ein kan ikkje brenne til DVD. Ein fordel med dette er at overgangen til eit dyrare Avid-program vil vere mykje lettare, ettersom grensesnittet er det same. Avid er det næraste ein kjem ein «industristandard» (vert bl.a. brukt mykje av NRK), og det er mange som nyttar det elles òg.
For fyrstegongsbrukarar vil det vere ein god ide sjå gjennom Avid sine eigne tutorialar om programmet.
[size=14px]DDClip Free[/size]
Finst og i ein betalversjon med fleire mogelegheiter.
[size=14px]Jahshaka[/size]
Jahshaka er eit opensource-program, som er relativt avansert, og har mogelegheiter for klipping, effektarbeid, (3D)animering og lydmiksing. Du finn nokre få tutorials på heimesida til programmet. NB: Programmet har so langt ikkje mogelegheit for å overføre video frå DV-tape. For å gjere dette må du bruke eit anna program som Virtualdub eller Scenalyzer.
[size=14px]Panasonic MotionDV Studio LE[/size]
Dette programmet følgjer med miniDV-kameraa til Panasonic, frå og med NV-GS37 og oppover. Det fungerer heilt greit, og kan overføre video i full kvalitet via USB.
[size=14px]VirtualDub[/size]
Dette opensource-programmet vert mest brukt til å konvertere videofiler over til andre format, men det er og i stand til å utføre enkel redigering. Ein kan t.d. overføre video frå kamera, trimme videoen, leggje til diverse effektar og erstatte lydsporet.
Test.
Liten guide.
Liten guide 2.
Informasjon om VDub-bok
[size=14px]Vivia[/size]
Dette er eit program med open kjeldekode, som framleis er i startfasen, men som allereie har eit par avanserte funksjonar. Desse er for det fyrste «multicam»-redigering, altso ein måte å forenkle redigeringa av scener tatt opp med fleire kamera, og for det andre mogelegheit for å ha fleire tidslinjer i det same prosjektet. Av effektar og overgangar er det for augeblikket berre overtoning (crossfade/cross dissolve) og inn- uttoning (fade in og fade out). Import- og eksportmogelegheitane er begrensa til PAL-video og ein del ulike biletformat.
[size=14px]Windows Movie Maker[/size]
Windows XP:
Versjon 1 av dette følger med Windows XP, medan MM2 følgjer med Service Pack 2 for XP. Programmet har eit enkelt grensesnitt, der ein har prøvd å gjere det enkelt for nybyrjaren. Det har ein relativt bra samling av enkle effektar og overganger. Ein kan leggje til musikk, voiceover og tekst, men det har berre eit videospor , i tillegg til tekstspor, og eit lydspor, en ein kan ikkje brenne filmar til DVD frå dette programmet..
Windows Vista:
I Vista Home Premium og Ultimate skal WMM ha mogelegheit for å redigere HDV-opptak og, via programmet DVD Maker kan ein brenne video-DVDar.
WindowsMovieMakersnet
Custom FX og overganger via XML
MovieMaker Archive
RehanFX
[size=14px]ZS4[/size]
Dette er eit program der du kan ha so mange video- og lydsport du vil, og importere video i nokre ulike format. Det har ei rekkje effektar, ma. spele video baklengs, endre farten gradvis, chroma keying (fjerne ein bestemt farge i eit klipp, som ved blue/greenscreen) og fargejustering. Effektane kan justerast med keyframes.
[size=14px]Rimelege program[/size]
[size=14px]Adobe Premiere Elements[/size]
Prisar er henta frå nettbutikken til Adobe.no, 20/02-08.
Premiere Elements 4.0: 887,50kr
Pakke med Photoshop Elements 6.0: 1325,00kr
Premiere Elements er ein mykje enklare versjon av Premiere Pro, berekna på nybyrjarar, men som likevel har mange av funksjonane til Pro-versjonen innebygd, og ein ganske likt utsjånad. Ein fordel med dette, er at du kan få kjøpt det i ein pakke med Photoshop Elements for litt over 1000kr, og då får du med eit bra biletbehandlingsprogram på kjøpet. På same måte som med Avid FreeDV er det ein stor fordel at ein overgang til dyrare program vil vere mykje lettare, og då ikkje berre Premiere Pro, men alle Adobe program som er beslekta (t.d. After Effects til effektar og Encore til DVD-authoring), ettersom Adobe har ein relativt lik utsjånad på alle sine program. Programmet tilbyr ei uendeleg mengd video- og lydspor, ei rekkje effektar og brenning til DVD med eller utan meny direkte frå tidslinja.
Ein kan laste ned ein 30-dagers prøveversjon frå denne sida.
Testar:
Adobe Premiere Elements 2.0
[size=14px]CyberLink PowerDirector[/size]
Pris henta frå Cyberlink.com og rekna om frå USD, 20/02-08:
PowerDirector 6: 485kr
[Fyll ut informasjon]
Testar:
CyberLink PowerDirector 5
[size=14px]MAGIX Movie Edit Pro[/size]
Pris henta frå Magix.com, 01.12.06:
Movie Edit Pro 11: 599kr
Movie Edit Pro 11 PLUS: 999kr
Programmet kjem frå versjon 11 i to versjonar, «Classic» og «Plus». Det har fått mykje gode kritikkar, både i testar og på forum. Plus-versjonen inkluderer mellom anna støtte for HDV, 5.1-lyd og 3D-tekst. Begge har mogelegheit for å lage video-DVD-ar.
NB! På den norske Magix-sida er i skrivande stund (20/02-08) kun versjon 11, og ingen demo tilgjengeleg. På den amerikanske sida derimot, finn ein versjon 12 og ein demo av denne: http://www.magix.com/us/movie-edit-pro/
Artikkel frå akam.no.
Test av DinSide.
[size=14px]Nero Vision 5[/size]
Prisar henta frå Nero.com 20/02-08:
Nero 8: 485kr (nedlastbar)
Nero 8: 565kr (tilsendt i eske)
Dette er ein del av Nero-pakka. Det har mogelegheit for overføring av video frå DV- eller HDV-kamera og import frå DVDar, enkel redigering med nokre effektar, lage slideshows av bilete, og brenning med eller utan menyar på DVD.
[size=14px]Pinnacle Studio[/size]
Prisar henta frå XD.no, 20/02-08:
Studio 11: 485kr
Studio 11 Plus: 789kr
Studio 11 Ultimate: 845kr
Dette er «standardprogrammet» i norske heimar, ettersom det er eit av få (det einaste?) ein kan kjøpe på Elkjøp/Expert, og til ein gunstig pris. Det er eit program som er kjend for å vere ganske ustabilt, og det er mange som har mykje problem med det. Men merk at det ikkje gjeld alle, og at om ein har ei ryddig maskin som oppfyller alle krava til programmet, so er det større sjansar for at programmet held seg stabilt. Den nyaste versjonen, 11, skal i følge nokon oppføre seg betre enn tidlegare versjonar, og kjem i tre utgåver.
Testar:
Pinnacle Studio 10.5
[size=14px]Mediachance EditStudio Pro[/size]
Prisar henta frå Puremotion.com og rekna om frå USD, 20/02-08:
Edit Studio Pro: 426kr (NB! kampanjepris)
Puremotion, som laga dette programmet, vart kjøpt opp av Mediachance. Programmet tilbyr ikkje DVD-authoring, men ein kan kjøpe det i ein pakke saman med DVD lab pro, som er eit godt program for den jobben. Demoversjon kan lastast ned frå Download.com.
[size=14px]Roxio VideoWave[/size]
Prisar henta frå Roxio.com og rekna om frå USD, 20/02-08:
VideoWave 8: 270kr
[Fyll ut informasjon]
[size=14px]Sony Vegas Movie Studio[/size]
Pris henta frå Trigono.no, 20/02-08:
Vegas Movie Studio 8: 547,50kr
Sony Vegas Movie Studio er ein «krympa» versjon av storebroren Vegas Pro. Blant forskjellane er ei begrensing på fire video- og lydspor, manglande støtte for HD, surroundlyd og ikkje verktøy for fargekorrigering. Pakka inkluderer versjon 4.5 av DVD Architect Studio for å lage DVDar.
Ein tabell som viser forskjellane mellom dei tre pakkane i Vegas-familien finn ein her.
[size=14px]Sony Vegas Movie Studio + DVD Platinum Edition[/size]
Pris henta frå Trigono.no, 20/02-08:
Vegas Movie Studio Platinum 8: 825kr
Nokre av forskjellane frå standardversjonen av Vegas Movie Studio:Ein tabell som viser forskjellane mellom dei tre pakkane i Vegas-familien finn ein her.
- HDV- og AVCHD-støtte
- 5.1-surround-lyd
- Fargekorrigeringsverktøy
- Fleire video- og lydeffektar
- DVD med læringsvideoar.
[size=14px]Ulead Video Studio[/size]
Pris henta frå Ulead.com og rekna om frå USD, 20/02-08:
Video Studio 11: 378kr
Video Studio 11 Plus: 539kr
[Fyll ut informasjon]
Testar:
Ulead Video Studio 10.
[size=14px]Profesjonelle/Semi-profesjonelle program[/size]
[size=14px]Adobe Premiere Pro CS3[/size]
Prisar henta frå Adobe Store, 20/02-08:
Adobe Premiere Pro CS3: 9025,00kr (nedlastbar versjon: 7220,00kr – nedlastinga er på omlag 5GB)
(Oppdateringar frå Elements eller tidlegare utgåver av Premiere koster i underkant av tredjedelen.)
I tillegg er programmet ein del av pakkene Creative Suite Master Collection (koster omlag 30 000kr) og Creative Suite Production Premium(koster omlag 21 000kr). Les meir om Creative Suite her: http://www.adobe.com/products/creativesuite/
PPro har eit relativt enkelt grensesnitt, og mange effektar som ein kan tilpasse/kombinere med andre effektar. Det har 99 lyd- og videospor, mogelegheit for å eksportere direkte til DVD med eller utan menyar (menyar er berre tilgjengeleg i 2.0 og nyare), i tillegg til mange andre eksporteringsmogelegheiter. Det som er kanskje er den største fordelen med Premiere Pro, er integreringa med dei andre programma frå Adobe, og i det nye Production Studio har dette vorte endå betre. Med CS3 er nok Encore inkludert i pakka.
Testar:
Adobe Premiere Pro 2.0
Adobe Premiere Pro 2.0 - Creative Cow
[size=14px]Avid Liquid/Liquid Pro[/size]
Prisar henta frå Avid Store, 20/02-08:
Liquid 7: 4533kr
Programmet kjem ogso i ein Pro-versjon, som inkluderer ein «break out box», som ein bruker til å kople analoge kjelder til PC-en, og ein Chrome Xe-versjon som inkluderer støtte for kortet AJA XENA LHe.
Etter at Avid kjøpte opp Pinnacle, har Pinnacle Liquid Edition skifta namn til Avid Liquid, ved lansering av versjon 7 av dette populære programmet. Men ut frå screenshotsa ser det ikkje ut som dei har endra mykje på sjølve på programmet (med tanke på UI). Det inkluderer brenning av DVD med menyar direkte frå tidslinja og ei uendeleg mengde video- og lydspor. Dette skal vere eit stabilt og bra program, og har støtte for mange format.
Alle som vurderer å kjøpe Liquid eller oppgradere til Liquid frå Studio: For å kome i gang med Liquid Edition, sjå på Pinnacle sine eigne tutorials. Du finn dei her: http://www.pinnaclesys.com/publicsite/us/T...line+Tutorials/
Testar:
Avid Liquid 7
Avid Liquid 7 - Creative Cow
[size=14px]Avid Xpress Pro[/size]
Prisar henta frå Avid Store, og rekna om frå euro, 20/02-08:
Xpress Pro HD: 15588.70kr
Noko av det som vert framheva som Xpress-serien (og andre program frå Avid) si beste eigenskap, er handteringa av store mengder media. Dette vil vere ein fordel om du skal redigere store prosjekt. Pro-utgåva har ein stor samling effektar, støtter HD-video i mange ulike former. Multicam-redigering er òg inkludert i Xpress Pro, medan DVD-authoring kjem gjennom Sonic DVDit, som er inkludert (kun for Windows). Ein får i tillegg SmartSound SonicFire (for å lage musikk), Sorenson Squeeze (for komprimering av video) og Noise Industries Factory Tools (kun for OS X).
Oversikt over Xpress Pro HD
Testar:
Avid Xpress Pro HD
[size=14px]Avid Media Composer[/size]
Prisar henta frå Avid Store, og rekna om frå euro, 20/02-08:
Media Composer: 46 395kr
Dette er storebroren til Xpress Pro, mykje brukt i TV- og filmbransjen.
[size=14px]Sony Vegas Pro[/size]
Pris henta frå Trigono.no, 20/02-08:
Vegas Pro 8: 5982,50kr
Vegas Pro inneheld Vegas for redigering og DVD Architect for å lage DVDar og Blu-ray-plater. DVD Architect er ikkje lenger mogeleg å kjøpe separat.
Vegas er eit program som både er enkelt og kraftig. Det har støtte for fleire ulike format, som DV, HDV, XDCam og HD-/SD-SDI. Det har ei uendeleg rekkje video-/lydspor, og mogelegheit for leggje prosjekt innad i prosjekt. Redigering og eksportering av surroundlyd (5.1) er inkludert.
Ein tabell som viser forskjellane mellom dei tre pakkane i Vegas-familien finn ein her.
[size=14px]Ulead Media Studio[/size]
Pris henta frå Ulead.com og rekna om frå USD, 20/02-08:
MediaStudio Pro 8: 2 155kr
[Fyll ut informasjon]
Testar:
Ulead MediaStudio Pro 8
[size=22px]For M[/size][size=16px]AC[/size] [size=22px]OS X[/size]
[size=14px]Gratisprogram[/size]
[size=14px]Apple iMovie HD[/size]
(Dette ligg under gratisprogram fordi iLife er inkludert på alle nye Macar. Skulle ein kjøpt det frå Apple Store ville det kosta 649kr.)
Enkelt og brukarvenleg program som gjer jobben på ein god måte. DVD-brenning gjer ein via iDVD, som ogso er inkludert i pakka iLife.
[size=14px]AviDemux[/size]
Dette er eit program rekna for enkelt kutting av video, samt omkoding til ei rekkje ulike format, deriblant DVD-klar MPEG2. Ein kan automatisere arbeidoppgåver ved hjelp av mellom anna skripting.
[size=14px]Avid FreeDV[/size]
Det har eit grensesnitt som truleg er litt vanskelegare enn Movie Maker og andre. Programmet er ein krympa versjon av Xpress Pro, med same utsjånad, men mange færre mogelegheiter. Det har nokre få effektar, mogelegheit for å leggje til tekst, og to videospor og to lydspor (ved å leggje fleire sekvensar inne i kvarandre kan ein få fleire spor), men ein kan ikkje brenne til DVD. Ein fordel med dette er at overgangen til eit dyrare Avid-program vil vere mykje lettare, ettersom grensesnittet er det same. Avid er det næraste ein kjem ein «industristandard» (vert bl.a. brukt mykje av NRK), og det er mange som nyttar det elles òg.
For fyrstegongsbrukarar vil det vere ein god ide sjå gjennom Avid sine eigne tutorialar om programmet.
[size=14px]Jahshaka[/size]
Jahshaka er eit opensource-program, som er relativt avansert, og har mogelegheiter for klipping, effektarbeid, (3D)animering og lydmiksing. Du finn nokre få tutorials på heimesida til programmet. NB: Programmet har so langt ikkje mogelegheit for å overføre video frå DV-tape. For å gjere dette må du bruke eit anna program som iMovie.
[size=14px]ZS4[/size]
Dette er eit program der du kan ha so mange video- og lydu vil, og importere video i nokre ulike format. Det har ei rekkje effektar, ma. spele video baklengs, endre farten gradvis, chroma keying (fjerne ein bestemt farge i eit klipp, som ved blue/greenscreen) og fargejustering. Effektane kan justerast med keyframes.
[size=14px]Rimelege program[/size]
[size=14px]Apple Final Cut Express HD[/size]
Pris henta frå Apple Store, 20/02-08:
FCE 4.0: 1590,00kr
FCE er ein litt krympa versjon av FCP, med det same grensesnittet, men litt færre funksjonar. Programmet har likevel alt ein vanleg brukar i konsumentmarknaden treng, og kanskje meir til. HDV- og AVCHD-støtte er inkludert. DVD-brenning gjer ein i iDVD, som følgjer med i iLife-pakka.
Testar:
Apple Final Cut Express
[size=14px]Profesjonelle/Semi-profesjonelle program[/size]
[size=14px]Adobe Premiere Pro CS3[/size]
Prisar henta frå Adobe Store, 20/02-08:
Adobe Premiere Pro CS3: 9025,00kr (nedlastbar versjon: 7220,00kr – nedlastinga er på omlag 5GB)
(Oppdateringar frå Elements eller tidlegare utgåver av Premiere koster i underkant av tredjedelen.)
I tillegg er programmet ein del av pakkene Creative Suite Master Collection (koster omlag 30 000kr) og Creative Suite Production Premium(koster omlag 21 000kr). Les meir om Creative Suite her: http://www.adobe.com/products/creativesuite/
PPro har eit relativt enkelt grensesnitt, og mange effektar som ein kan tilpasse/kombinere med andre effektar. Det har 99 lyd- og videospor, mogelegheit for å eksportere direkte til DVD med eller utan menyar (menyar er berre tilgjengeleg i 2.0 og nyare), i tillegg til mange andre eksporteringsmogelegheiter. Det som er kanskje er den største fordelen med Premiere Pro, er integreringa med dei andre programma frå Adobe, og i det nye Production Studio har dette vorte endå betre.
Testar:
Adobe Premiere Pro 2.0
Adobe Premiere Pro 2.0 - Creative Cow
[size=14px]Apple Final Cut Studio[/size]
Pris henta frå Apple Store, 20/02-08:
FCS: 11 490,00kr
(Oppgraderingar er billegare.)
Final Cut Studio er ein komplett pakke for videoproduksjon, som består av Final Cut Pro, Motion 2, Soundtrack Pro og DVD Studio Pro 4. FCP er eit svært bra og kraftig redigeringsprogram som vert mykje brukt i den profesjonelle marknaden. Det har god støtte for ulike HD-format, gode fargekorrigeringsverktøy, multicam-redigering og elles alt ein avansert brukar treng. Det er ikkje lenger mogleg å kjøpe Final Cut Pro separat.
Testar:
Apple Final Cut Pro 5
[size=14px]Avid Xpress Pro[/size]
Prisar henta frå Avid Store, og rekna om frå euro, 20/02-08:
Xpress Pro HD: 15588.70kr
Noko av det som vert framheva som Xpress-serien (og andre program frå Avid) si beste eigenskap, er handteringa av store mengder media. Dette vil vere ein fordel om du skal redigere store prosjekt. Pro-utgåva har ein stor samling effektar, støtter HD-video i mange ulike former. Multicam-redigering er òg inkludert i Xpress Pro, medan DVD-authoring kjem gjennom Sonic DVDit, som er inkludert (kun for Windows). Ein får i tillegg SmartSound SonicFire (for å lage musikk), Sorenson Squeeze (for komprimering av video) og Noise Industries Factory Tools (kun for OS X).
Oversikt over Xpress Pro HD
Testar:
Avid Xpress Pro HD
[size=14px]Avid Media Composer[/size]
Prisar henta frå Avid Store, og rekna om frå euro, 20/02-08:
Media Composer: 46 395kr
Dette er storebroren til Xpress Pro, mykje brukt i TV- og filmbransjen.
[size=22px]For Linux-distroar[/size]
[size=14px]Dyne:bolic[/size]
Dyne:bolic ein eigen distro spesielt retta mot multimedia. Den inkluderer ei rekkje program for bilet- og videoredigering, samt ein del andre relaterte program. Du finn ei kort omtale her.
[size=14px]Ubuntu Studio[/size]
Dette er ein versjon av den populære distribusjonen Ubunu som er berekna på media. Den har difor ei rekkje program for lyd, video og grafikk installert som standard. Les meir på heimesida og på [ame=http://en.wikipedia.org/wiki/Ubuntu_Studio]Wikipedia.[/ame]
[size=14px]Gratis-/nybyrjarprogram[/size]
[size=14px]AviDemux[/size]
Dette er eit program rekna for enkelt kutting av video, samt omkoding til ei rekkje ulike format, deriblant DVD-klar MPEG2. Ein kan automatisere arbeidoppgåver ved hjelp av mellom anna skripting.
[size=14px]Kino[/size]
[Fyll ut informasjon]
[size=14px]LiVES[/size]
[Fyll ut informasjon]
[size=14px]OpenMovieEditor[/size]
Litt meir info her:
http://stream0.org/2008/01/open-movie-edit...rprisingly.html
[size=14px]Vivia[/size]
Dette er eit program med open kjeldekode, som framleis er i startfasen, men som allereie har eit par avanserte funksjonar. Desse er for det fyrste «multicam»-redigering, altso ein måte å forenkle redigeringa av scener tatt opp med fleire kamera, og for det andre mogelegheit for å ha fleire tidslinjer i det same prosjektet. Av effektar og overgangar er det for augeblikket berre overtoning (crossfade/cross dissolve) og inn- uttoning (fade in og fade out). Import- og eksportmogelegheitane er begrensa til PAL-video og ein del ulike biletformat.
[size=14px]PiTiVi[/size]
[Fyll ut informasjon]
[size=14px]ZS4[/size]
Dette er eit program der du kan ha so mange video- og lydsport du vil, og importere video i nokre ulike format. Det har ei rekkje effektar, ma. spele video baklengs, endre farten gradvis, chroma keying (fjerne ein bestemt farge i eit klipp, som ved blue/greenscreen) og fargejustering. Effektane kan justerast med keyframes.
[size=14px]Profesjonelle/Semi-profesjonelle program[/size]
[size=14px]Cinelerra / Cinelerra CVS[/size]
CVS-versjonen vert oppdatert av frivillige, den andre er den «offisielle» versjonen. Les meir om programmet på [ame=http://en.wikipedia.org/wiki/Cinelerra]Wikipedia.[/ame]
[size=14px]Jahshaka[/size]
Jahshaka er eit opensource-program, som er relativt avansert, og har mogelegheiter for klipping, effektarbeid, (3D)animering og lydmiksing. Du finn nokre få tutorials på heimesida til programmet. NB: Programmet har so langt ikkje mogelegheit for å overføre video frå DV-tape. For å gjere dette må du bruke eit anna program som DVGrab eller Kino.
[size=22px]Andre nyttige småprogram[/size]
[size=14px]DVdate[/size]
Programmet er gratis for privat bruk, men bedrifter o.l. må kjøpe lisens.
Har ein nokon gong hatt lyst til å vise dato og klokkeslett på videoane dine, so kan dette vere programmet for deg. Det kan legge informasjonen direkte på videoen, eller lage ei undertekstfil med den. I tillegg kan det gjere mykje forskjellig med DV-filer. Du kan konvertere mellom type 1 og type 2, konvertere andre filer til DV AVI, konvertere mellom PAL og NTSC og meir.
[size=14px]Debugmode Wax[/size]
Wax er eit program som kan brukast for seg sjølv, eller som plugin til Vegas og Premiere (om det fungerer med dei nyaste versjonane av desse). Det har ein god del effektar som 3D-tekst og ein partikkelgenerator, og kan brukast til keying, rotoscoping o.l.
Ein kan bruke mellom anna plugins for Virtualdub i programmet, og det finst ein del ferdiglaga presets som ein kan laste ned, t.d. Her: http://users.otenet.gr/~vassias/
[size=14px]Enhancemovie[/size]
Pris henta frå Enhancemovie.com og rekna om frå USD, 20/02-08:
215kr
Dette er eit program som enkelt lar ein forbetre videoen ved å utføre ymse fargekorrigeringar, utbedre støy o.l.
[size=14px]EffectsLab/CompositeLab/VisionLab[/size]
Prisar henta frå FXHome.com og rekna om frå euro 20/02-08:
EffectsLab Pro: 1019kr
CompositeLab Pro: 1019kr
VisionLab Studio: 3388kr
EffectsLab er eit ganske enkelt og greit program for å lage spesialeffektar som Star Wars-lyssablar og eksplosjonar. CompositeLab er for keying, maskering og fargegradering. VisionLab er eit program som inkluderer alle funksjonane til begge dei to andre, og eit par ekstra.
[size=14px]Scenalyzer[/size]
Pris henta frå Scenalyzer.com og rekna om frå euro 20/02-08:
268kr
Scenalyzer er eit hendig program for overføring av video frå videokamera til PC. Det har mange greie funksjonar, fint skildra i dette innlegget.
[size=14px]WinDV[/size]
Eit anna program for overføring av video frå kamera. Det består av kun ei programfil på under 100kb, og er heilt gratis.
kjempe flott![]()
i]Endemi[/url]
24-7 Produksjoner[/url]
Fin og nyttig tråd!
lle tenker på seg selv, det er bare jeg som tenker på meg!
Hehe, mente ikke at du skulle kopiere sitatet. Bare skrive det om til "formelt" eller noe. Ellers var det bra guide og ingen tvil på at tråden blir sticky
Hva med å skrive litt på Pinnacle Liquid Edition som følger med linken til tråden under? Tilfelle akam.no er nede eller folk ikke gidder å sjekke linken.
Og dere som har Vegas (det er minst et par av dere) - gi gjerne produktbeskrivelse og tilfeldigvis pris til han. Det kan bli nyttig.
Ingen tvil nei. 8)Opprinnelig postet av Melwasul
denne siden bør være bra for å få info til guiden
ttp://www.effektsiden.moo.no/
Sjølv om det etterkvart har vorte ganske mange gratis/nybyrjarprogram i guiden (Takk df), so mangler ein del på fleire av dei viktigaste (i mine auge) oppføringane:
-Sony Vegas (+DVD)
-Avid Xpress DV/Pro/Studio
-Apple Final Cut Pro (+ iMovie, Final Cut Express og FC Studio)
Det må no vere nokon her inne som bruker desse programma, og som kunne tenke seg å skrive ein kort beskrivelse av dei. Ikkje for å mase, men har enno ikkje fått noko respons på desse progsa, sjølv om det har vore over 1000 visningar her og på forum.akam.no til saman.
jeg vil bare anbefale debugmode wax til de som ikke har et bra partikkel program og ikke gidder å bruke penger på noe partikkel program så er wax mit i blinken et ganske bra partikkel system!
ttp://www.effektsiden.moo.no/
Hva står NLE for?
ttp://www.effektsiden.moo.no/
NLE = non-linear editor. Fellesbetegnelse for redigeringsprogram som me kjenner dei i dag. I tidlegare tider, når dei berre hadde film, og måtte klippe og lime sammen filmrullar, og ikkje klipp i ei tidslinje, hadde ein ein sjanse til å gjere det rett. Å kunne gjere det ikkje-lineært (non-linear) vil seie at ein kan legge klipp i den rekkefølgja ein vil, byte om på rekkefølgja om ein ombestemmer seg eller byrje på slutten av filmen om ein vil det. I motsetnad til før, då ein måtte byrje på byrjinga, og gjere alt i den rekkefølgja det skulle vere i filmen.
Bokmerker