Etter å ha dratt klippet ned på tidslinja, i eit videospor over bakgrunnen, finn du fram til effekten Chroma Key, som sikkert ligg i mappa Keying. Denne drar du ned på bluescreenklippet på tidslinja. So går du inn i Effect Controls, og under kontrollane for Chroma Key (som vil ligge der) vel du blå som farge. Det er vel ein dråpeteljar der du kan velge farge med.
Eit lite tips, om du har ein litt ujamn blåfarge, kan vere å leggje til den same effekten fleire gonger, og spesifisere litt ulike blåfargar for kvar.
Det er vel og ein effekt som heiter Blue Screen, som automatisk fjerner alt blått i biletet, men lurer på om det er litt færre innstillingar på denne. Du kan no prøve begge, og sjå kva som gjev best resultat.



LinkBack URL
About LinkBacks
Svar med sitat


Bokmerker