Kjem sikkert til å få kommentarar på dette...:
Hovedforskjellen er vel korleis kamera lager 16:9-biletet.
Eit kamera med ekte 16:9 vil ha ei CCD-brikke (biletbrikke) som er 16:9. Bileta er difor 16:9 i utgangspunktet, utan at ein treng gjere noko med dei. Døme på slike kamera er (nokre av?) Sony sine HDV-kamera, som HDR-FX1 og HVR-Z1, og Panasonic sitt nye HD-kamera, som snart kjem på marknaden, AG-HVX200. (Og Canon XL-2?)
Eit kamera med uekte 16:9 (som dei fleste andre konsumentkamera) har eit CCD-brikke som er 4:3, og det må då behandle biletet på ein eller annan måte for å få 16:9. Det kan vere å letterboxe (leggje på svarte felt oppe og nede) eller trykkje biletet saman. Mitt kamera (Sony DCR-TRV80) bruker visstnok ein større del av CCD-brikka, slik at det får 16:9 utan nokre av dei andre metodane. (Sony kaller det anamorphic, men eg må innrømme at eg aldri heilt har fått med meg kva det uttrykket betyr...)



LinkBack URL
About LinkBacks
Svar med sitat



Bokmerker