Skal du brenne filmen på DVD med eit anna program enn PPro, eksporter som DV AVI. Skal filmen på nett prøv deg fram med ulike malar for Windows Media i Adobe Media Encoder (File --> Export --> Adobe Media Encoder), eller bruk Quick Time med H.264 om du har det tilgjengeleg. (Har du Quick Time Pro kan det kanskje vere like greit å eksportere som DV AVI, og bruke QT Pro til å konvertere til H.264.)
Kva skjer om du prøver å brenne DVD direkte frå PPro? Feilmelding? I so fall kva feilmelding? Det er ikkje mogeleg å lage ein DVD med menyar i PPro 1.5, men om du oppgraderer til 2.0 kan du gjere det der.
Når det gjeld manusskriving, so har det vorte diskutert ein del tidlegare, so kan vere du finn noko om du søker. Det er to trådar i tutorialforumet som omhandlar manusskriving, dei kan sikkert vere ein fin stad å starte.
Denne og denne. Sida http://www.screenwriting.info skal og vere ganske fin.



LinkBack URL
About LinkBacks
)
Svar med sitat

Bokmerker