Har ikkje mykje anna å seie enn det du allereie har sagt: Batteri varer ikkje like lenge, og ein bør vere varsam for kondens, pga. overgang frå kald uteluft til varm (og fuktig) inneluft.
Det einaste andre problemet eg har hatt, var ein gong sist vinter då kamera ikkje klarte å ta opp. Tapen gjekk, men det vart ikkje tatt opp noko bilete, og ikkje noko tidskode. Akkurat kvifor det skjedde, veit eg ikkje, men den einaste grunnen eg kan kome på, var at det var for kaldt, slik at videohovuda ikkje klarde å skrive på tapen. (eller kanskje smøremiddelet på tapen fraus?) Vil tru det var rundt -15°C, kanskje ned mot -20°C. Kaldt var det iallfall...
Men om dette er eit vanlig problem, det veit eg ikkje. Det var nokon andre der, som og filma, men dei fekk ein del opptak. Det kan hende dei klarte betre å halde kamera varmt, om ikkje kamera deira takla kulden betre (begge var Sony-kamera).



LinkBack URL
About LinkBacks
Svar med sitat

[/size]

Bokmerker