Om du skal ta opp spel, som CS og BF, er vel Fraps den beste og mest brukte løysinga. Skal du derimot ta opp noko anna, som Vegas eller Photoshop, er det mange alternativ. Eit som fungerer ganske greit er å bruke Camstudio. Ta opp i Microsoft Video 1, og konverter til Flash med SWF Converter (er ein del av CamStudio) etterpå.
Alternativt kan du bruke Virtualdub til å konvertere fila til XviD eller MSU SCLC. XviD vil ikkje verte heilt tapsfritt, men det vert ganske bra. Anbefaler forresten å sjå [ame=http://www.youtube.com/watch?v=otzKgXPf6JM]denne[/ame] for nokre tips om CamStudio.
Dette var eit fullstendig gratis alternativ. Elles so er kanskje det mest brukte programmet Techsmith Camtasia Studio. Codecen til Techsmith skal og vere ein av dei aller beste for screencasting.



LinkBack URL
About LinkBacks
Svar med sitat



Bokmerker