Trur nokon her at det innan eit rimeleg tidsperspektiv vil kome videokamera i forbrukarklassen (under 10 000), som vil få eigenskapar vi no ser på speilreflekskamera med video?

Eigenskapane eg siktar til er då ein større sensor (som vil hjelpe på lysfølsomskapen), moglegskapen til å skifte objektiv, og fleire knappar til kontinuerlig justering av til dømes lukkar, blendar, iso.

Det eg ser på som vanleg videokamera er eit med omtrent same oppbygging som Canon HF200.