AE - Expressions: Layer Index og Time

En tråd i 'Tutorialer' startet av incanus, 1 Okt 2005.

  1. incanus

    incanus Lt. Commander

    Innlegg:
    881
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    125
    På same måte som den forrige eg laga, so er det kanskje ikkje so mange som kjem til å bruke akkurat denne effekten, men poenget er heller å gje nokre døme på expressions, og kva ein kan gjere med dei. Eg skal ikkje påstå eg kan mykje om expressions, so dette er ikkje eit veldig avansert døme.

    Poenget med øvinga: Vise eit døme på korleis ein kan linke indeksen til eit layer, og tida som er gått i komposisjonen, til eigenskapane til layerane.
    Demoklipp.
    Tutorialen i .pdf-format, for lettare utskrift.

    NB! Pga. at eg har brukt ulike prosjekt, heiter ikkje komposisjonane/solidsane på bileta det same som i teksten. Men det skal ikkje by på altfor store problem.

    Her skal me lage ei roterande “sol”, slik som ein av og til ser t.d. på MTV. (Sjå demoklippet for å forstå betre)
    1. Lag ein ny komposisjon, som er ein del større enn den komposisjonen du skal ha sola i, og kall den SOL. I mitt døme, der den ferdige komposisjonen er 720*576, bruker eg ein komposisjon på 1500*1500. (Den treng eigentleg ikkje vere fullt so stor.)

    2. Lag ein ny solid i SOL, og velg den fargen som du vil at solstrålane skal vere.

    3. Velg “Pen Tool” (hurtigtast G), og masker ut ein høg, men smal trekant. Slik som på biletet:
    [​IMG]

    4. Velg “Pan Behind Tool”, og merk Anchor Point under eigenskapane til layeret i tidslinja. Flytt so Anchor Point (sirkelen med eit kryss i, som står ca. midt i komposisjonen) til den spisse enden av trekanten. (Sjå biletet) Dette gjer me fordi strålane skal rotere rundt spissen, og ikkje midten.

    Om strålen no ikkje står med spissen midt i komposisjonen, flytt den slik at den gjer det, ve å setje position til 360,288. Ikkje lag fleire stråler enno.
    [​IMG]

    5. Utvid eigenskapane til layeret, og finn fram Rotation. Hald inne ALT, og klikk på stoppeklokka ved sida av denne eigenskapen. No har du skrudd på ein expression for denne eigenskapen. (for meir om kva det er, sjå den førre tutorialen eg laga)

    6.Denne expressionen skal gjere at rotasjonen til strålen avheng av kva nummer layeret har, og kor lang tid det har gått. Om de ser heilt til venstre i tidslinje-vindauget, ser de at layera er nummererte. Skriv no denne expressionen i tekstfeltet ved Rotation: (index*40)+(time*50)
    [​IMG]

    For å forklare den litt nærare (sjølv om den er ganske openbar):
    Den fyrste delen – index*40 – seier at rotasjonen skal vere nummeret til layeret multiplisert med 30. For layer nr.1 vert då rotasjonen 30°, for nr.2; 60° osb.
    Den andre delen – time*50 – seier at ein skal leggje til tida multiplisert med 80. Dette gjer at rotasjonen endrer seg over tid. Med berre den fyrste delen vil strålane vere statiske (i ro).

    7. Merk layeret, og dupliser det, ved å trykke Ctrl+D til du har stråler som går heile vegen rundt.
    [​IMG]

    8. No har du laga solstrålane, for å lage sola, lag ein ny solid med same farge som strålane, men som er mykje mindre: t.d. 100*100 pixlar (viktig at den er kvadratisk). Legg denne øverst, og legg til ei maske: Høgreklikk -->Mask --> New Mask. Gå inn på “Shape”, og set denne til å vere “Ellipse” eller “Bezier”.
    [​IMG]

    9. Lag ein ny komposisjon som er 720*576, kall den FERDIG (e.l.) og dra SOL-komposisjonen inn i denne.


    Sola er no ferdig, og du kan t.d. maskere bort himmelen til eitt klipp, og erstatte den med sola, slik som i demoklippet. (Om du vil gjere det, må anten kamera ha vore i ro, eller du må animere maska.)

    Merk at det var ikkje denne expressionen eg brukte fyrst. Grunnen er at for å kontrollere rotasjonsfarta til sola, må ein anten endre på expressionen til alle strålane (eventuelt slette alle unntatt ein, endre expressionen på denne, og duplisere på nytt) eller endre farta til Sol-komposisjonen med Time Stretch.

    For lettere å kontrollere rotasjonsfarta til sola, bruk berre den fyrste delen av expressionen for strålane – index*40 – og etter at du har dratt SOL-komposisjonen inn i FERDIG, keyframe rotasjonen til den. (Ettersom solstrålane no vil stå i ro).

    Det går sjølvsagt ann å gjere dette utan expressions og, det er berre å skrive inn ein ulik rotasjonsverdi for kvar av strålane, men dette er enklare, pluss at det kanskje kan inspirere til andre bruksområde for desse enkle expressionane.

    Berre spør om det er noko de lurar på.
     
    #1

Del denne siden