After Effects - Expression: Lydnivåmålarar

En tråd i 'Tutorialer' startet av incanus, 23 Sep 2005.

  1. incanus

    incanus Lt. Commander

    Innlegg:
    881
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    125
    After Effects har mogelegheit for å konvertere volumet til ei lydfil til keyframes. Dette kan me bruke til å lage lydnivå-målar (i mangel av betre ord...), slik som ein t.d. Finn i Audio Mixeren i Premiere Pro. Om det er noko som er dårleg forklart, so spør, so skal eg prøve å forklare betre, og eventuelt oppdatere tutorialen.

    Demoklipp kan lastast ned her.
    I PDF-format, for enklare utskrift.

    Musikken i demoen er “Funky Waves”, av Betenkt, frå Ballademakeriet.no

    1. Importer lydfila du skal bruke inn i AE, og lag ein ny komposisjon, ved å dra lydfila ned på “New Composition”-knappen, nederst i Project-vindauget (den vist på biletet). Du får då ein komposisjon som inneheld lydklippet, og er like lang som dette.
    [​IMG]

    2. Lag ein ny kvit Solid, ved å høgreklikke i tidslinja, og velge New --> Solid. Lag den 20 pixlar brei, og 10 høg, som vist på biletet.
    [​IMG]

    3.Merk layeret i tidslinje-vindauget, og trykk på A, for å få fram Anchor Point. Set dette til 20, 10. Dette gjer at alle endringar av rotasjon, storleik og posisjon av den soliden vert gjort med utgangspunkt i dette punktet.

    4. Kopier dette layeret, ved å merke det, og trykke Ctrl+D. No har du to like solids, med Anchor Point på same stad, slik som biletet viser.
    [​IMG]

    5. Flytt den eine soliden ut til venstre av komposisjonen, og kall den “Venstre Kanal”. (Du skifter namn ved å merke layeret, og trykke Enter.) Flytt det andre layeret ut til høgre, og kall det “Høgre Kanal”.

    No har du alle layera du treng. Det neste er å linke den vertikale storleiken til kvart av solidane, til volumet av høgre og venstre kanal av lydklippet.

    6. Høgreklikk på lydklippet, som ligg i tidslinja, og velg Keyframe Assistant --> Convert Audio To Keyframes. Det vert no laga eit nytt layer som heiter Audio Amplitude. Om du no trykker på den vetle pila heilt til venstre på layeret (framleis i Tidslinje-vindauget), for å vise alle effektar osb., og og ruller ned effektane, ser du at det er tre effektar der: Both Channels, Left Channel og Right Channel. Slik som på biletet.
    [​IMG]

    No skal me, som sagt, linke den vertikale storleiken til solidane (Høgre Kanal og Venstre Kanal), til den tilsvarande lydkanalen. Dette vert gjort med ein expression. (Akkurat kva expressions er, er ikkje so farleg, men kort fortalt er det koder (i JavaScript) som fortel AE kva det skal gjere med den eigenskapen (rotasjon, storleik osb.) ein lager expressionen for. Med slike kan ein linke ein eigenskap til eigenskapar for andre layer, tida, eller nummeret til layeret, for å nemne nokon.)


    7. Det du gjer no, er å finne fram “Scale”-eigenskapen til soliden som heiter Venstre Kanal, (merk layeret og trykk på S) og Slider-eigenskapen til Left Channel i Audio Amplitude. Hald inne ALT, og trykk på stoppeklokka ved sida av denne eigenskapen. (Den stoppeklokka som ein bruker for å skru på keyframes.)
    Du ser no at du har fått tre nye ikon til høgre for stoppeklokka, og eit tekstfelt i sjølve tidslinja, under layeret. Den i midten heiter pickwhip. Klikk og dra den opp til “Slider” under Left Channel, slik som du ser på biletet nedanfor.
    [​IMG]

    No har du satt at storleiken til soliden skal vere lik lyd-amplituden til den venstre kanalen i lydklippet. Men du er ikkje ferdig endå. Grunnen er at storleik er eit sokalla array (veit ikkje norsk ord), det vil seie at eigenskapen har to sider: breidde og høgde, og det er berre høgda me vil endre på. (eit døme på ein eigenskap med ei side, er opacity).

    8. Du må dermed endre på expressionen. Utvid tekstfeltet i høgda (hald musa i nedre kant, klikk og dra). Du ser då at det er to (det kan hende det er tre) linjer i det. På den fyrste (eventuelt dei to fyrste), står det ganske mykje som du ikkje treng bry deg med. Men på den siste linje, må ein endre litt. Her står det [temp, temp]. Om du ser i den fyrste linja, so ser du at det står temp=..... Dette betyr at storleiken, som er breidde x høgde, vert av expressionen satt til å vere temp x temp.

    Men ettersom me vil at breidda skal vere den same, må me erstatte det fyrste leddet i arrayet med 100 (det er snakk om prosent). Og sidan amplituden gjer relativt små utslag, må me gjere det andre leddet ein del større. Det er enkelt gjort, ved å føye til eit gangeteikn, fulgt av eit tal. Gangeteiknet er det du finn på num-paden. Den siste linja vert då: [100, temp*50], slik som du ser på biletet.
    [​IMG]

    Det siste du må gjere, er å gjenta prosessen for den høgre kanalen. Berre pass på å dra pickwhipen til Slider under Right Channel, og ikkje Left Channel.



    Du treng ikkje gjere meir, men det går an å fargekode dei og, fargen vert annleis høgare i biletet i søylene kjem. Noko liknande som audio mixaren i Ppro, som går frå grøn, via gul til raud:

    9. Lag to nye solids, ein som heiter Høgre Farge, og ein som heiter Venstre Farge. Den fyrste plasserer du under Venstre Kanal, den andre plasserer du under Høgre Kanal.

    10. Begge desse skal ha same effektane: Legg fyrst til Ramp (ligg i Render-mappa), og set Start Color til raud, og End Color til grøn. Legg so til Mosaic (ligg i Stylize-mappa), uten å endre på nokon innstillingar på den.

    11. Under “Modes”, i tidslinje-vindauget (sjå bilete for korleis vise denne kolonna): Set Track Matte for Venstre Farge til Alpha Matte “[Venstre Kanal]”, og Track Matte for Høgre Farge til Alpha Matte “[Høgre Kanal]”. Sjå bilete.[​IMG]

    Ferdig!

    Håper de forsto alt (iallfall det meste...). Berre spør om det er noko de lurer på.
     
    #1
  2. HenrikSolberg

    HenrikSolberg Vice Admiral (Ambassador)

    Innlegg:
    2.425
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    125
    Har du mulighet til å vise et lite glimt av det som blir sluttmateriale? Trenger bare være et bittelite klipp...
     
    #2
  3. incanus

    incanus Lt. Commander

    Innlegg:
    881
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    125
    Heilt øverst ligg det ein link til eitt demoklipp.
     
    #3
  4. HenrikSolberg

    HenrikSolberg Vice Admiral (Ambassador)

    Innlegg:
    2.425
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    125
    Dumme meg.... :oops:
     
    #4
  5. subsoniq

    subsoniq Lt. Commander

    Innlegg:
    156
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    125
    mulig jeg er like dum, men jeg finner ikkeno videofil på toppen jeg? hum
     
    #5
  6. OlaHaldor

    OlaHaldor Vice Admiral (Ambassador)

    Innlegg:
    3.340
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    125
    Kan ha noe med at tråden er to år gammel :)
     
    #6
  7. Hubener

    Hubener Lt. Commander

    Innlegg:
    82
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    125
    trur den har mugna bort
     
    #7
  8. incanus

    incanus Lt. Commander

    Innlegg:
    881
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    125
    Er ikkje sikker på kvifor, men eg har tydelegvis fjerna klippet av ein eller annan grunn. Klarer ikkje hugse kva samanheng det var i ... Kan sjå om eg har det liggjande ein stad, og laste opp på ny.

    Redigert: Fann det, so no er det lasta opp på ny.
     
    #8

Del denne siden