KortSagt konkurransen/Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2011

En tråd i 'Arrangementer' startet av Dokfilm2011, 8 Mar 2011.

  1. Dokfilm2011

    Dokfilm2011 Cadet 2

    Innlegg:
    2
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    0
    Den Norske Dokumentarfilmfestivalen inviterar også i år elevar ved alle folkehøgskular og vidaregåande skular i landet til å delta på kortfilmkonkurransen KortSagt. Konkurransen blir arrangert i samarbeid med Fritt Ord og er ein del av festivalen som finn stad i Volda 4. – 8. mai.
    Årets tema for KortSagt vil være ytringsfridom, og korleis den blir påvirka av den nye mediekvardagen. Spørsmål om kva mediene har å seie for menneskelege relasjonar og demokratiet vil stå i fokus. Filmene skal ha ein varighet på 3 – 5 minutt. Vi veit av erfaring at konkurransen er ein god arena for å få fram stemmene til ein del av befolkninga som ofte blir oversett i den offentlege debatten.
    Ti filmar vil bli plukka ut og synt under festivalen, der det vidare vil bli bestemd ein endeleg vinnar. Vinnarfilmen vil bli kåra av ein fagjury beståande av tre personar med god tilknytning til filmbransjen. Dei som står bak dei ti filmane vil bli invitert til å være gjester under festivalen i mai. Vinnarfilmen vil også bli ytterligare premiert.
    Invitasjonar har no gått ut til alle skular, og vi vonar at så mange som mogleg vil delta på konkurransen. Om din skule ikkje har motteke invitasjon,ta gjerne kontakt hovudansvarleg for KortSagt Magnus Jacobsen på e-post: nestleiar@dokfilm.no eller telefon: 98 82 37 52.
    Det er ikkje noko krav at filmen må vere produsert i skulesamanheng. Alle elevar på ungdomsskule- , vidaregåande skule- eller folkehøgskulenivå kan sende inn filmar.
    Innsendingsfrist for konkurransen er 20. mars

    1 DVD sendast til:
    Høgskulen i Volda v/Den Norske Dokumentarfilmfestivalen
    postboks 500
    6101 VOLDA
    Merk konvulutten med: KortSagt

    Konkurransen har eiga facebook-hending som du finn:
    http://www.facebook.com/home.php#!/event.php?eid=129391823796895
     
    #1

Del denne siden