Trenger hjelp til ide utvikling

En tråd i 'Regissørenes og manusforfatternes forum' startet av Camilla, 5 Des 2012.

  1. Camilla

    Camilla Cadet 2

    Innlegg:
    2
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    0
    Hei folkens!

    Jeg tenkte kanskje at det ikke ville være dum tanke og spørre dere flinke filmfolk om hjelp.

    Jeg går 3. klasse på MK, og vi har et eget prosjekt nå, hvor skal skrive et synopsis og et manus i film noir sjangeren! Jeg sitter her med totalt sjokk. Jeg klarer ikke å komme opp med noen god ide og ei heller noen handling.

    Jeg må ha litt drahjelp og selv har jeg prøvd å finne litt inspirasjon fra andre steder, men saken er slettes ikke enkel!

    Kan noen hjelpe meg med noen gode ideer til hva handlingen kan handle om??

    Tusen takk alle sammen! :)
     
    #1
  2. Camilla

    Camilla Cadet 2

    Innlegg:
    2
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    0
    Sv: Trenger hjelp til ide utvikling

    Glemte å legge til at jeg kun skal skrive for åpningsscene og 1. scene ! :)
     
    #2
  3. DovydasMiliauskas

    DovydasMiliauskas Lt. Jr. Grade

    Innlegg:
    24
    Liker mottatt:
    0
    Poeng:
    20
    Sv: Trenger hjelp til ide utvikling

    Etter min forståing er det ein slags 1920 talls mafia/detektiv film du skal lage?(er ikkje kjend med sjangeren, må beklage det). Sjølv har eg vore med på nokre skuleprosjekt der vi lagde film som gjekk for seg rundt 1920. Når eg skal finne ein filmidé, så prøver eg å tenke meg ut ein karakter. Ein person med verdiar som han setter høgt, og prøve å skape meg eit bilde av karakteren i hodet mitt. Då er det lurt å skrive ned tankane med ein gong, og heller stryke dei etter kvart. Prøve å lage ein slags biografi for karakteren, og bygge opp ein forhistorie som gjer karakteren spennande. Det trenger ikkje å vere 4-5 A4 sider med tekst om forhistoria hans, men eit par detaljar som kanskje gjer han annleis frå dei andre.

    Når ein har gjort det, må ein finne ei hindring. Kanskje er det ein detektiv, som er ute for å rappe enda ein skurk, men det hender at han må gå på ein ustabil platform der han må komme seg frå A til B, og assistenten kjem i trøbbel, og hovudpersonen har høgdeskrekk, eller ein grusom hending frå fortida som gjer at det einaste han klarer å tenke på er tilbakeblikk på den skumle situasjonen. Dette er kun eit eksempel, og det eg prøver å forklare er å på ein måte bygge opp ei hindring, som hovudpersonen må overkomme. Det kan fungere å spele på eit vennskap, mellom assistent og hovudpersonen, der assistenten kjem i ein ulykke, og hovudpersonen vil hevne seg eller noko liknande.

    Dersom ein følger den klassiske "hollywood dramaturgien" der vi har eit anslag, oppbygging, point of no return, klimaks og avslutting, så er det berre å komme opp med ein logisk avslutting som ikkje er for brå. Når ein byrjar å skrive, kjem som oftast resten av seg sjølv, ivertfall for meg.

    Det som også er mogleg, er å sjå om du klarer å finne ein ekte person å bassere historia på. Eg gjorde dette ifjor, då eg gjekk 2. året medium og kommunikasjon. Der eg fekk 5 "beinspenn"

    1. To personer, der kun en har dialog.
    2. En location.
    3. 2 min. spilletid.
    4. Ingen pan, tilt, eller handholdt.
    5. ≪Nei, det berre blei sånn liksom, veit ikkje koffor≫ er siste replikk.

    Eg måtte følge dei reglane 100% for å få kortfilmen godkjend, og eg kom opp med ein idé som handla om ein dansk forskar som heitte Niels Bohr. Han får ein pakke av Erwin Schrödinger, men innholdet i pakken ser ut til å vere skada/øydelagd og Bohr anklager assistenten som frakta pakken for å ha skada innholdet. Til denne filmen tok eg meg god til til research både for å få til "looken" av 1920, og karakterane. 2 månadar etter at filmen var ferdig fant eg ut at det som filmen viser kunne faktisk hendt på ekte. For Erwin Schrödinger kom opp med teorien for å erte danskane sine teoriar om kvantefysikk, og Niels Bohr var ein av dei som forska på kvantefysikk på den tida. Erwin synast teoriane til danskane verka så dumme og usannsynlege, at han prøvde å illustrere kor dumt det faktisk hørtes ut med sin teori om katten inni eska.

    Link til kortfilmen eg laga: Schrödingers Katt

    Håper at noko av det eg sa var til hjelp :D Det er viktig å ta seg god til til idéen. Ein idé kjem som gjerne ikkje på sekundet, men ofte når ein minst ventar det.
     
    #3

Del denne siden